Kodekveld: Hoppehelt

Hei!

Det blir ny kodekveld mandag 11.04 kl 1800 til kl 1930. Vi skal lage eit artig spel som heiter Hoppehelt, her må ein vere kjapp i vendinga. For dei som vil ha ei litt enklare oppgåve har vi Gangemeisteren!

  • Det er fint å vite ca kor mange som kjem, foreldre kan nytte facebook-hendinga vår her. Ikkje på facebook? Det går bra, berre å kome.
  • Ta med eigen laptop.
  • Det er lurt å lage seg ein konto på Scratch før ein kjem då dette kan vere litt plundrete.
  • Dei i 1. til 3. klasse bør ha følgje av ein vaksen.

Vel møtt!