Laurdagskoding på biblioteket

Det blir ny kodeklubb laurdag 26. november kl 12 på Ulstein Bibliotek.

Denne gongen prøver vi altså to nye ting på ein gong: Koding på ein laurdag, og vi skal vere i andre etasje på biblioteket. Dette vil passe best for 4-klassingar og oppover. Meir detaljar om temaet kjem til veka, det blir garantert gøy.

Alle må ha med eigen laptop!

Det blir koding på microbit denne gongen også, men vi har kun fått ordna oss med sjølve microbiten. Derfor må flest mogeleg ta med seg microUSB-kablar. Dette er den vanlegaste usb-kabelen til mobiltelefonar i dag (bortsett frå iphone som har noko anna).
Ta og med lånekortet ditt så kan du låne ei bok når du likevel er innom biblioteket…

Følg også med her.