Kodekveld: Animasjon med drakter og triks med X og Y

Kodeklubben i Ulsteinvik held ny kodekveld den 28. januar kl 1800 til 1930 på Ulstein Ungdomsskule. Der de får lære meir om Scratch. Vi skal animere figurar med noko som heiter drakter, og så skal vi finne ut kva som er greia med X og Y.

  • Dette er tenkt for elevar på barneskulen (eige opplegg for ungdomstrinnet kjem).
  • Ta med eigen laptop.
  • Det er lurt å lage seg ein konto på Scratch  –  då får du lagra dei kule animasjonane. Spør ein vaksen om hjelp.
  • Dei i 1. til 3. klasse bør ha følgje av ein vaksen.
  • Ta med morosame idear til kva du vil animere. Etter kurset, som er ganske kort, kan alle prøve seg på animasjon.

Vel møtt!