Nytt om Breim Kodeklubb

Breim Kodeklubb

Breim Kodeklubb er godt i gang med kodinga, og har i skrivande stund 28 kodeborn i aktivitet. Rekrutteringsmessig ligg vi veldig bra an, med 15 10-åringar i gruppa, og resten fordelt på aldersgruppa 11-15. 10 jenter og 18 gutar brukar no anten måndagskvelden eller onsdagskvelden annakvar veke på å lære seg Scratch, og gjengen storkosar seg.

Sponsoravtalar

Kodeklubben fekk nettopp tilgang til nye lokale, sponsa av Reed Senter AS. Repix AS sponsar straum og internett, og har også sponsa eit lerret til bruk under framvising av koding. Repix AS har også sponsa Breim Kodeklubb med 20  Frå Datainstituttet på Sandane har vi fått sponsa 4 bærbare PC’ar med Windows 10, og frå mange foreldre i området har vi også fått sponsa datautstyr som bærbare PC’ar, PC-mus med meir.

Smittevern

Borna i Breim Kodeklubb er inndelt i kohortar, som føl skuleklassane. Vi har kjøpt inn desinfiseringsvæske for vask og rens av datautstyr, og handsprit står tilgjengeleg i lokalet. Borna føl elles dei same reglane som på skulen, og greier seg kjempeflott.

Utstyr i kodeklubben

Kodeklubben har i dag tilgang på følgjande utstyr:

  • 11 utlåns-PC’ar, frå Lenovo, Acer, HP og Dell
    • Alle er satt opp med Windows 10 Pro
  • 8 datamus i forskjellige variantar, frå gamingmus til vanleg kontormus
  • 20 musematter sponsa av Repix AS
  • Acer DLP Projektor H6522ABD