Baklengs planlegging som metode i skulen

,
Ingvild Vikingsen Skogestad er lærar og Digg læring koordinator på Knappskog skule. Dei siste åra har ho jobba mykje med utviklingsarbeid, fagfornying og digitalisering. Ho er oppteken av rett bruk av digitale verktøy i undervisninga. Alt starta då ho i 2016 starta 1:1 med digitale einingar i klasserommet.

Eg var lenge ein veldig lærebokstyrt lærar. Det var læreboka som sette standarden for kva som skjedde i klasserommet mitt, og vi måtte stadig avslutte uferdige tema, fordi den lærebokstyrte årsplanen sa at vi måtte gå vidare for å bli ferdige med boka på tilmålt tid. Kjekke og kreative opplegg frå lærarrettleiinga måtte eg hoppe over for å kome gjennom stofftrengsla. Etter at elevane mine fekk sine digitale einingar byrja eg å tenke annleis om læring. Eg ønska å tenke utanfor boksen, utanfor boka og måtte då ha ein metode for dette. Som «digital lærar» var det viktig for meg at fokuset låg på KVA elevane skulle lære og ikkje kva app eller verktøy dei skulle bruke. Baklengs planlegging er også perfekt i arbeidet med ny læreplan. Både når det gjeld det å endre praksis i klasserommet og når ein skal manøvrere i landskapet mellom gamle og nye læremiddel og bøker for å lage opplegg som oppfyller ny plan.
Eg tok utgangspunkt i det Henning Fjørtoft skriv om baklengs planlegging og laga då min eigen modell som også famna anna utviklingsarbeid vi hadde fokus på. (Som implementering av ny læreplan og Vurdering for læring).

I lærebokstyrt planlegging tek ein gjerne utgangspunkt i sidene i boka og planlegg ut i frå det som står der. I baklengs planlegging startar vi i læreplan (lk20) gjerne i kombinasjon med ein årsplan. Vi startar med å finne ut kva vi ønsker at elevane skal lære og definerer nokre mål ut frå det som står i læreplanen. Ønsker vi djupnelæring, må måla vere deretter. Elevane skal ikkje alltid drive djupnelæring.

Når måla er definert er det på tide å finne ut kva omgrep (begrep) ein ønsker at elevane skal tileigne seg gjennom arbeidet med temaet.

Når mål og omgrep er sett går vi vidare til neste nivå – korleis elevane skal dokumentere kva dei har lært/korleis vi skal vurdere det. Her står produkt øvst på lista mi, etterfølgd av hugs SAMR. Dette tyder ikkje at alle produkt skal vere digitale, men skal vere ei påminning om at vi av og til bør tenke utanfor boksen. Det er ikkje lenge sidan ein forskingsrapport kom som viste at inntoget av digitale einingar i norske klasserom ikkje har endra så mykje på kva ein gjer i klasserommet. Eit produkt kan vere ein lineær tekst, men kan også vere film, teikneserie, munnleg svar, eit bygg i Minecraft eller ei teikning. Eg likar å gi elevane mine ei verktøykasse av ulike produkt, slik at dei sjølve kan velje korleis dei vil vise meg at dei har lært. Vi må heller ikkje undervurdere dette med formål. Kvifor skal elevane gjere dette? Erfaringa mi seier at formålet «for å vise dei andre» er mykje meir motiverande enn «fordi læraren seier det».

For at eg skal kunne vurdere produkta, og spesielt om eg får mange ulike produkt, er det viktig med tydelege kriterium. Nokre få, tydelege, men vide kriterium som fortel kva produktet skal innehalde. Eg har god erfaring med at om kriteria er vide, så klarer alle elevane mine å levere eit produkt. Oppgåva blir sjølvdifferensierande, der alle elevar opplever meistring ved å levere eit produkt på deira nivå, som tilfredsstiller dei fastsette kriteria.
For at elevar skal tileigne seg omgrepa vi har funne, er det viktig at vi har ein felles oppfatning av kva omgrepa tyder. Skal vi definere omgrepa saman i klassa, kan det vere lurt å ha nokre spørsmål på lur for arbeidet med omgrep. Definisjonen ein landar på bør jo vere innanfor den eigentlege definisjonen, difor treng gjerne elevane litt styrande spørsmål for å kome til tilfredsstillande definisjon.

Det siste nivået i baklengs planlegging er å planlegge innhaldet/ forma på læringa. Eg likar betre å kalle det for læring, enn for undervisning. I ordet undervisning ligg det eit fokus på og ei forståing av at læraren skal undervise. Eg likar heller at fokuset ligg på læring. Det tyder ikkje at læraren ikkje skal undervise, for det skal han der det er naturleg (og formidling frå lærar er framleis viktig). Men det gir heller eit fokus om at vi skal fokusere på å gjere dei aktivitetane, bruke dei metodane som gir læring. Læraren er framleis ekstremt viktig og har ansvaret for å fasilitere for læring og rettleie i prosessar. Eg er tilhengar av variasjon i metodar og verktøybruk. Eg meiner at vi må utruste elevane med ei verktøykasse, rettleie dei i korleis dei lærer best og så la dei velje metodar sjølv. Det å la elevane velje både/eller produkt og metode er elevmedverknad i praksis. Noko som er sentralt i den nye læreplanen.

Eg skreiv innleiingsvis at eg ikkje lengre er lærebokstyrt. Det tyder at det ikkje er læreboka som skal bestemme kva som skjer i klasserommet mitt, ikkje at vi ikkje skal bruke bøker! Målet er ikkje å vere lærebokfri, men å vere fri frå læreboka. Vi brukar læreboka blant anna for å finne gode tekstar, men det er ikkje den som skal definere kva som skjer i klasserommet mitt.