Våren 2018

Vårprogrammet for kodeklubben er klart! Vi legg ut alt som eigne hendingar etterkvart. Kodeklubbane framover foregår på langbordet på biblioteket, frå kl 1800 til 1930 med mindre anna vert annonsert. Her er datoane de må setje av:

24.01 – Spelverkstad del 1. Vi lagar spel i Scratch og skal mellom anna nytte webkameraet som kontroller.
07.02 – Spelverkstad del 2
21.02 – Koding i Minecraft.
07.03 – Python. Dette er ikkje ein slange, men eit kodespråk.
21.03 – Python del 2
05.04 – RobotRagnarokk. Skrøpelege robotar med våpen, kva kan gå galt? Veldig mykje håper vi!
19.04 – RobotRagnarokk del 2
03.05 – RobotRagnarokk finale. Endetida er komen, for robotane.
24.05 – Appverkstad, vi lagar mobilapp (med MIT AppInventor)
06.06 – Appverkstad del 2

Nokre av opplegga kan kome til å kreve påmelding. Dette vil i så fall bli opplyst om på facebook-hendinga.