Hei! Då har eg begynt å gruble på korleis sette i gong kodeklubben. Etter midten av april begynner timeplanen min å sjå litt meir oversiktleg ut. Eg tenkjer at i april-mai, så kjem eg til å starte opp litt roleg. Dette skal gi ein høve til å prøve det ut, finne ut kva det går i og teste det praktiske. Ettersom eg ikkje kan stille med datamaskiner, må ein sjølv stille med det. Det kan vere eg har eksterne skjermar, som gjer det enklare med tanke på å ha ei god arbeidsflate når ein skal kode!  Det er takk til LKK og Samsung for det!

Etter at ein har fått prøvd ut og testa organisering, vil eg satse på at ein er fullt oppe frå skuleåret 2019-2020 med faste dagar og tidspunkt! Dette fordi det er krevjande å sette i gong når skuleåret snart er omme.

Om det lar seg gjere, kan eg undersøke om det er mogleg å ha tilbodet opent innimellom i løpet av sommerferien. Kan vere ein kjekk arena for å samle seg, gjere noko i lag.

Det kunne vere greitt med ein liten oversikt over kor mange som kunne tenkje seg å prøve, med tanke på organisering.

Når eg har fått avklara det praktiske vil eg starte med ein “open dag”, der eg vil invitere vaksne og born, slik at ein kan sjå reint praktisk kva det går ut på. Det kan og vere naudsynt at ein får registrere seg 2-3 stadar på nettet. Er mange gode sider som kan bidra med opplæring i koding, men det må vere føresette som godkjenner dette. Ikkje noko eg vil avgjere. Eg kan kome med ei liste seinare.

https://code.org/ er ein stad eg vil tilrå. Så kan vi gjerne utvide etterkvart. Eg tenkjer i starten må ambisjonsnivået vere å bruke LKK (lær kids koding) sitt materiell. Der er på alle vanskegradar. https://oppgaver.kidsakoder.no/

Inviter gjerne andre inn i kodeklubben, som du tenkjer manglar.

Helsing