Onsdag 11. mars kl 13.30:

Lær Kidsa Koding og NTNU avlyste i førre veke Lærerkonferansen i Trondheim 23. mars fordi det var påvist fleire smittetilfeller av koronaviruset ved norske skular, og fleire skular er stengde. Vi visste ikkje korleis ståa på koronaspreiinga kom til å vere i landet i slutten av mars, men å samle over 60 lærarar frå over 50 ulike skular, utgjer ein risiko for å potensielt spre koronaviruset til enda fleire – og det ville vi ikkje.

Lær Kidsa Koding kan ikkje vurdere aktivitetar i kvar enkelt kodeklubb, men oppmodar alle ansvarlege for kodeklubbar til å følgje informasjon om koronaviruset frå Folkehelseinstituttet og råd frå den lokale kommunelegen når det gjeld avvikling av kodeaktivitet i kodeklubben. Helsenorge.no har også gode råd om å forebygge smitte. Dette er informasjon som stadig blir oppdatert.

koronavirus