Studentane bak Kodeklubben Etne arrangerte i sumar kodekurs for jenter og gutar i alderen 8-16 år. Dette vart gjennomført til stor glede for dei 20 påmeldte ifrå Etne og omeng. Undervegs var lokalavisa Grannar innom og publiserte i ettertid ei flott sak om kurset.

Image0002 Image0001

Takk til veiledarane:

[row][col_third]

Sondre Tesdal Galtung

Erling Bjarte Rullestad

Sondre Auestad

Knut Aron Fludal

Håkon Kaurel

Øistein Søvik

Gunnar Sveinsson

Sigurd Thaule

[/col_third]

[col_third]

Etne

Etne

Tysvær

Sveio

Bergen

Bergen

Sandnes

Kolnes

[/col_third][col_third]

Siv.ing. i Fys. og Mat. NTNU

Informatikk Høgskulen i Bø

Informatikk NTNU

Informatikk NTNU

Informatikk NTNU

Lektor i Realfag NTNU

Matematikk NTNU

Siv.ing. i Produksjon. og Produktutvikling NTNU

[/col_third][/row]

Dagens samfunn er eit digitalt samfunn. Tilnærma alle brukar digitale hjelpemiddel dagleg, men dei færraste veit korleis desse har vorte til. Det er veldig viktig at oppvoksande og framtidige generasjonar er i stand til å forstå og beherske si eiga rolle i det digitale samfunnet. Barn og unge skal oppleva det som like sjølvsagt å være kreative og skapande, som å være brukarar av teknologien. For å oppnå dette er det avgjerande at dei har gode rollemodellar og rettleiarar som både har fagkunnskap i informatikk og evna til å formidle den, både på fritida og i skuletida. Derfor er Kodeklubben Etne no oppretta, for å kunne gi den framtidige generasjonen av vaksne moglegheiten til å forstå meir av verda rundt seg.

Kodeklubben Etne vert arrangert i veke 28, altså fra 7.-11.juli, i Etne Kommune. Me har gleda av å nytte lokala til Enge Skule, det er me særs takknemlege for. Påmeldinga er no opna, og me håpar mange har interesse for å delta.

Flyer til Kodeveka og opplegget finn dykk her. Følg med oss på facebook for å halde deg oppdatert til ei kvar tid. Programmering i Scratch foregår i nettlesaren, her kan dykk lage brukarar og programmere eigne spill og program.

Beste helsing Kodeklubben Etne