Kodeklubbar og andre ideelle organisasjonar kan no få tilskot på 500 euro for å ha koderelaterte nettarrangement for born og unge ila hausten 2020. Meld organisasjonen din på Meet and Code før 22. september.

Delar ut tilskot til arrangement for første gong

Lær Kidsa Koding har blitt nasjonal partnar for Meet and Code og skal for første gong dele ut midlar til ideelle organisasjonar og kodeklubbar som ønsker å ha arrangement på nett for unge mellom 8 og 24 år.

Meet and Code Award er ein konkurranse der lokale ideelle organisasjonar i Europa blir inviterte til å sende inn kode-arrangement for barn og unge i alderen 8–24 år. Meet and Code Award heidrer dei beste arrangementsideane med å gi pris til dei mest kreative og innovative idéane ideelle organisasjonar nyttar for å få dei unge entusiastiske rundt koding.

Ideelle organisasjonar kan søke på nett ved www.meet-and-code.org fram til 22. september, 2020. Kvar godkjente idé på arrangement vil motta eit tilskot på 500 euro, og vinnaren i kvar kategori mottar ein pris på 2000 euro.

Påmeldingsfrist er 22. september, og arrangementet må gjennomførast på nett mellom 1. september og 30. oktober. Dersom du lagar arrangementsrekke, held det at eitt av arrangementene blir gjennomført i denne tidsperioden.

Meet and Code-konkurranse i 35 land

Måla til Meet and Code samsvarar godt med det Lær Kidsa Koding står for.  Meet and Code handlar ikkje berre om koding, men koding er eitt av verktya som kan hjelpe med å endre verda.

Meet and code ønsker å inspirere den yngre generasjonen til å gjere alt dei kan for å leve i ei verd med like moglegheiter og blir verdsatt like mykje. Gjennom denne konkurransen jobbar vi mot kjønnsstereotypar og kjønnsgap i IT og programmering, byr på kunnskap om klimaendringar, luftforureining og fornybar energi. Vi bryr oss om lokalsamfunnet, heimane våre og nabolaget.

Konseptet er samskapt mellom SAP og Haus des Stiftens gGmbH i München, som koordinerer prosessen for tilskot, saman med nettverkspartnarane for TechSoup Europe. I Noreg står Lær Kidsa Koding for utdeling av midlar medan TechSoup Norge godkjenner organisasjonane som blir med. I løpet av dei siste tre åra, har meir enn 138 000 unge deltatt i nesten 3000 programmerinsrelaterte arrangement over heile Europa i Meet and Code.

Følgjande 35 land er med: Belgia, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kazakhstan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbrittania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og Østerrike.

Edit 14. september: Søknadsfristen for å melde seg på er utvida til 22. september. 

Slik melder du deg på

  1. Gå til meet-and-code.org og registrer organisasjonen din. Du blir lenka vidare til Techsoup, gå til Techsoup Norge, som godkjenner organisasjonen din og gir deg ein nøkkel.
  2. Registrer nettarrangementet ditt før 22. september
  3. Vent på svar om du får tilskudd – eller ein epost om eventuelt endringar som må til for å få det.
  4. Lag arrangement, få påmeldingar og lag blæst om arrangementet.
  5. Få pengar inn på kontoen til organisasjonen.

Arrangementene du melder på, må vere innanfor følgjande fem kategoriar:

  • Jenter gjer IT!
  • Samfunn
  • Mangfald
  • Koding for planeten
  • Koding for Europa.

Her er ein guide om korleis ein kan gjennomføre eit bra arrangement på nett (på engelsk) .

Dei fem kategoriane for Meet and Code Award 2020 samsvarar med FNs berekraftsmål. Meet and Code ser etter arrangement som bidrar til å nå desse måla og som kombinerar dei med IT og koding. Les meir om kategoriane og Meet and Code Award. Får du organisasjonen og arrangementet ditt godkjent, vil du motta eit tilskot på 500 euro for gjennomføring av arrangementet. Lær Kidsa Koding plukkar ut vinnarar i alle kategoriane som går vidare i den europeiske konkurransen der vinnarane av kvar kategori kan vinne ein pris på 2000 euro.

Les meir om vilkåra for deltaking.

Lær Kidsa Koding håpar mange idelle organisasjoner melder seg på med gode idear i alle kategoriar. Vi håper også arrangementene frå resten av Europa kan inspirere andre kodeklubbar og organisasjonar til å gjennomføre fleire spennande prosjekt og bli gode på å gjennomføre arrangement også gjennom nettdeltaking.