Kodeklubbar og andre ideelle organisasjonar kan no få tilskot på 500 euro for å ha koderelaterte nettarrangement for born og unge ila hausten 2020. Meld organisasjonen din på Meet and Code før 10. september.

Delar ut tilskot til arrangement for første gong

Lær Kidsa Koding har blitt nasjonal partnar for Meet and Code og skal for første gong dele ut midlar til ideelle organisasjonar og kodeklubbar som ønsker å ha arrangement på nett for unge mellom 8 og 24 år.

Meet and Code Award er ein konkurranse der lokale ideelle organisasjonar i Europa blir inviterte til å sende inn kode-arrangement for barn og unge i alderen 8–24 år. Meet and Code Award heidrer dei beste arrangementsideane. Målet er å gi pris til dei mest kreative og innovative idéane ideelle organisasjonar bruker for å få dei unge entusiastiske rundt koding.  I løpet av dei siste tre åra, har meir enn 138 000 unge deltatt i nesten 3000 programmerinsrelaterte arrangement over heile Europa i Meet and Code.

Ideelle organisasjonar frå 35 land kan søke på nett ved www.meet-and-code.org fram til 10. september, 2020. Kvar godkjente idé på arrangement vil motta eit tilskot på 500 euro, og vinnaren i kvar kategori mottar ein pris på 2000 euro.

Påmeldingsfrist er 10. september, og arrangementet må gjennomførast på nett mellom 1. september og 30. oktober.

Meet and Code-konkurranse i 35 land

Måla til Meet and Code samsvarar godt med det Lær Kidsa Koding står for.  Meet and Code handlar ikkje berre om koding, men koding er eitt av verktya som kan hjelpe med å endre verda.

Meet and code ønsker å inspirere den yngre generasjonen til å gjere alt dei kan for å leve i ei verd med like moglegheiter og blir verdsatt like mykje. Gjennom denne konkurransen jobbar vi mot kjønnsstereotypar og kjønnsgap i IT og programmering, byr på kunnskap om klimaendringar, luftforureining og fornybar energi. Vi bryr oss om lokalsamfunnet, heimane våre og nabolaget.

Konseptet er samskapt mellom SAP og Haus des Stiftens gGmbH i München, som koordinerer prosessen for tilskot, saman med nettverkspartnarane for TechSoup Europe. I Noreg står Lær Kidsa Koding for utdeling av midlar medan TechSoup Norge godkjenner organisasjonane som blir med.

Følgjande 35 land er med: Belgia, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kazakhstan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbrittania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og Østerrike.

Slik melder du deg på

  1. Lag ein konto og registrer organisasjonen din på Meet and Code
  2. Vent på godkjenning frå TechSoup Norge  som kvalifisert organisasjon
  3. Meld på arrangementet ditt

Arrangementene du melder på, må vere innanfor følgjande fem kategoriar:

  • Jenter gjer IT!
  • Samfunn
  • Mangfald
  • Koding for planeten
  • Koding for Europa.

Dei fem kategoriane for Meet and Code Award 2020 samsvarar med FNs berekraftsmål. Meet and Code ser etter arrangement som bidrar til å nå desse måla og som kombinerar dei med IT og koding. Les meir om kategoriane og Meet and Code Award. Får du organisasjonen og arrangementet ditt godkjent, vil du motta eit tilskot på 500 euro for gjennomføring av arrangementet. Lær Kidsa Koding plukkar ut vinnarar i alle kategoriane som går vidare i den europeiske konkurransen der vinnarane av kvar kategori kan vinne ein pris på 2000 euro.

Les meir om vilkåra for deltaking.

Lær Kidsa Koding håpar mange idelle organisasjoner melder seg på med gode idear i alle kategoriar. Vi håper også arrangementene frå resten av Europa kan inspirere andre kodeklubbar og organisasjonar til å gjennomføre fleire spennande prosjekt og bli gode på å gjennomføre arrangement også gjennom nettdeltaking.