*** DET ER FRAMLEIS MANGE PLASSAR ATT! MELD DOKKER PÅ! ***

Kodeklubben Orkdal inviterer nok ein gong til kodekurs for elevar på 4. til 10. trinn i Orkdal-området!

Kurset vil gå over to kveldar: tirsdag 23. og onsdag 24. april, frå 17:30 til 19:00, på Grøtte skole.

Denne gongen skal vi bli kjend med Sphero, ein liten robot som vi skal programmere frå nettbrett ved hjelp av eit “drag-og-slipp-programmeringsspråk” som er veldig likt Scratch (altså legoklossar i forskjellige fargar som ein flyttar rundt på skjermen).

Kurset er både for dei som ikkje har noko erfaring med programmering eller knapt har høyrd om det, og for dei som allereie har vore på kurs eller lært om det på eiga hand.

Klubben stiller med nettbrett. Det einaste du treng å ta med er godt humør, og kanskje ein venn?

Foreldre er også hjarteleg velkomne, enten dei berre er nysgjerrige eller ønsker å vere med som assistentar.

Kurshaldar er Elena Selbekk, og Mads Møkkelgård Øyum er med som assistent. Spørsmål om kurset tekst med Mads på mads.oyum@outlook.com eller +47 97 41 28 65.

Påmelding blir gjort via denne lenka: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=DQSIkWdsW0yxEjajBLZtrQAAAAAAAAAAAANAAf7qsF5UNjlTMlVEQTJUQVNXQlhVQ0xYWVZBTEVZTi4u)

Sprei ordet! Ta med ein venn! Legg ut info i klassegrupper på Facebook!

Vi sest på kurs!