Endeleg oppstart for kodeklubben igjen! Vi ønskjer nye og gamle medlem velkomne til å byrje kodehausten. Det vil bli litt info om opplegget for hausten og kva kodeklubben er for noko. Alle som tek med laptop kan få prøve litt koding sjølve. Vi har utfordringar til store og små, nye og erfarne. Kodeklubben handlar om skaparglede og digital meistring.

Praktisk info:

* Møt opp torsdag 7 september kl 18 på Ulstein Ungdomsskule (det er slutt ca 1930)
* Ta med laptop (mac, pc eller chromebook)
* Foreldre må hjelpe borna sine å kople seg på gjestenettet (det krev pålogging og epost/mobilnr)

Følg med på facebook for oppdatert info: https://www.facebook.com/events/115084355857738